Tid og stad
Når
- 12. nov. 2024, 09:00 - 14:45
- 13. nov. 2024, 09:00 - 14:30
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Informasjon om kurset
Opplæring for deg som har tinnitus og dine pårørande. Opplæringa går over to dagar. Målet med kurset er at du skal få kunnskap om tilstanden og sjå moglegheiter for meistring i din eigen kvardag. Kurset består av innlegg frå ein erfaren brukar og undervisning frå helsepersonell og andre fagfolk, samt moglegheit for å stille spørsmål, og utveksle erfaringar med andre i liknande situasjon.
Program
Dag 1
09.00-09.15 Velkommen! v/Rolf Arne Bollingberg
09.15-09.45 Brukarerfaring
09.45-10.00 Pause
10.00-11.45 Tinnitus, årsak og behandling v/ Overlege
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.30 Kva er eit høyrselstap? Utgreiing. Tilpassing av høyreapparat og ev.
masker v/Rolf Arne Bollingberg, Hørselssentralen
13.30-13.45 Pause
13.45-14.45 Info om HLF, Likemannsarbeid og Hørselskontaktar
Dag 2
09.00-09.15 Velkommen tilbake! Tankar etter første dag? v/Rolf Arne
09.15-10.00 Kognitiv terapi v/ Hauglandssenteret
10.00-10.15 Pause
10.15-11.00 Kognitiv terapi
11.00-11.15 Pause
11.15-12.00 Kognitiv terapi
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.45 Innlegg frå fysioterapeut v/fysioterapeut.
13.45-14.00 Pause
14.00-14.30 Kva kan vi gjere sjølv for å betre kvardagen? Erfaringsutveksling. Oppsummering og evaluering v/Rolf Arne
Med atterhald om endringar i programmet
Praktisk informasjon
Eigenandel 386 kr (per mai 2023), ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande.
Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr på opptil 1612kr.
Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov.
Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.
Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa.
Nyttig nettadresse
For meir informasjon om Tinnitus sjå nettsida til Hørselshemmedes landsforbund (HLF)
Vår kursoversikt
Her finn du oversikt over fleire kurs og praktisk informasjon til deg som skal på kurs:
Kurstilbod for pasientar og pårørande
Kontakt
ØNH Poliklinikk
57839440