Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habilitering for Barn og Unge (HABU)

Til seksjon Habilitering for Barn og Unge (HABU) kjem barn og unge under 18 år som har medfødd eller erverva funksjonsnedsetting med nevrologisk årsak. Funksjonsnedsettinga kan bety at barnet har problem med å bevege seg eller å forstå og tolke sine omgjevnadar eller å kommunisere og vere saman med andre.

Familien i sentrum

Når eit barn har ein funksjonsnedsetting kan det påverke heile familien sin kvardag. Barn og unge utvikla seg best når dei lever i ein familie og i eit lokalsamfunn som er støttande. HABU sitt tilbod rettar seg difor også mot familie, nettverk og fagpersonar i nærmiljøet.


Kva er habilitering? 

Habilitering skal bidra til å gjere barn og unge med nedsett funksjonsevne, og familiane deira, i stand til å meistre utfordringar i kvardagen. Habilitering er eit samarbeid mellom flere instansar. Kommunane har hovudansvar for helsetenester, opplæring, sosiale tenester, fritidstilbod m.m. Tilbodet innan Habilitering for Barn og unge (HABU) er eit supplement. Familien, eventuelt barnet eller ungdommen sjølv, medverkar i utforminga av tilbodet. "Habilitering er tidsavgrensede, planlagte prosesser med klare mål og virkemidler, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltakelse sosialt og i samfunnet", § 2 Forskrift om habilitering og rehabilitering, 2006.

Vi skal leggje vekt på å gi eit så differensiert og individuelt tilbod som mogleg, som skal vere tilpassa den aktuelle problemstillinga.


Vi tilbyr diagnostisering, kartlegging av funksjoner, bistand i planlegging av tiltak, medisinsk oppfølging ved behov, råd, støtte og informasjon. Våre tilbod vert gjeven i form av individuell utgreiing/rettleiing og som kurs og gruppeverksemd.

Våre tenester skal støtte det kommunale hjelpeapparatet og vere eit supplement og ei forsterking av det tilbodet som barn og unge får i sine kommunar.

Kommunane har ansvar for all habilitering som ikkje byggjer på spesialistkompetanse.


Eininga gjev tverrfagleg tilbod til barn og ungdom i alderen 0-18 år med nedsett funksjonsevne, som følge av medfødde eller erverva tilstandar, skadar i nervesystemet og bevegelsesapparatet.

Kontaktperson:

Alle barn som mottek eit tilbod frå Habilitering for barn og unge, har fått tildelt ein kontaktperson i habiliteringseininga. Kontaktpersonen koordinerer forarbeid, gjennomføring og etterarbeid i den enkelte pasientsak og skal fungere som ein kontaktperson mellom familien og Habilitering for barn og unge.


I førekant av ein konsultasjon ved Habilitering for barn og unge (HABU):  

HABU ynskjer å planlegge ein best mogleg tverrfagleg konsultasjon før barnet eller ungdommen kjem til oss. Vi sender difor ut brev med spørsmål om problemstillingar i førekant av konsultasjonen slik at vi kan sette inn naudsynte ressursar og forberede oss best mogleg. Dette brevet vert i hovudsak sendt til foreldre/føresette og til koordinator i ansvarsgruppa.

Foreldre og føresette mottek eit innkallingsbrev ca. fire veker før konsultasjonsdagen.

Konsultasjonsdagen:

Når barnet/ungdommen og familien kjem til HABU, har barnehabiliteringseininga sett opp timeplan for dagen. På slutten av dagen møtast alle igjen for ei felles kort oppsummering. Då kan eventuelle uklare ting bli oppklart, og spørsmål kan svarast på. Det vert og informert om kva som vil skje i etterkant av konsultasjonsdagen, samt at vi informerer om oppsummeringsnotatet.


Oppsummeringsnotat:

Det vert sendt ut eit oppsummeringsnotat til foreldre/føresette, tilvisande instans og andre lokale fagpersonar etter samtykke med foreldre. Dette notatet innheld observasjonar, vurderingar og tiltak, nye planlagde avtalar og tidspunkt for ny konsultasjon.


Innlegging:

Dersom det er aktuelt at barnet/ungdommen må leggast inn i samband med utgreiinga ved HABU, vert barnet/ungdommen lagt inn på pasienthotellet i Helse Førde, evt sengepost Barn og unge om det er medisinske behov for det. Opphaldet er gratis for pasient og ein føresett.

Ved HABU arbeider pedagog, psykologar, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, vernepleiar, lege og sjukepleiar. Når barnet eller ungdomen vert tilvist, vert det sett saman eit team av fagpersonar ut frå individuelle behov.

HABU er ei spesialisthelseteneste som er organisert under Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde.


Seksjonsleiar:

Seksjonsleiar har ansvar for personal, økonomi og fag ved Habilitering for barn og unge.


Ergoterapeut:

Ergoterapeuten ved Habilitering for barn og unge (HABU) arbeider for å fremje sjølvstendigheit, meistring og deltaking i kvardagsaktivitetar ut ifrå individuelle ønskjer og behov hos barnet og familien. Ergoterapeuten har fokus på å kartlegge hand- og finmotorikk samt behov for tiltak gjennom observasjonar i leik og daglege aktivitetar. Dette vert mellom anna gjort i samtale med foreldre og lokalt hjelpeapparat.


Psykolog:

Psykologen si oppgåve ved HABU er utgreiing av funksjonshemming gjennom evne- og funksjonstestar samt foreslå tiltak. Vedkommande gjev informasjon om tilstand og tiltak til brukar/pasient og føresette. Psykologen arbeider tett saman med dei andre fagpersonane ved HABU (= tverrfagleg team) og utviklar tiltak i samarbeid med kommunale fagfolk og evt andre spesialisttenester i tillegg til å undervise andre faggrupper ved sjukehuset innan sitt fagfelt.


Vernepleiar:

Vernepleiar arbeider med saker  knytt  til  sjølvstendige funksjonar og kvardagskompetanse. Dette inkluderer etevanskar, søvnvanskar, hygiene- og toalettfunksjonar. Vernepleiar  kartlegglegg og rådgjev i høve vanskeleg/utfordrande åtferd saman med føresette og kommunale samarbeidspartar. Ein medverkar og i utgreiingsarbeid og rettleiing i høve tidleg og intensiv trening. Arbeidet føregår i stor grad ute i kommunen.


Pedagog:

Pedagogen delter i observasjon, kartlegging og uttgreiing av barn og unge med medfødt eller erverva nevrologisk funksjonsnedsetting. Ein viktig del av pedagogen sitt arbeid er knytt til samarbeid, opplæring og rettleiing til barn, føresette, barnehagar og skular og andre kommunalt tilsette i Sogn og Fjordane.


Sosionom:

Sosionomen arbeider for å støtte pasienten og familien si eiga evne til læring og meistring  ved å bruke fagleg kunnskap i sosialt arbeid. Sosionomen gjev naudsynt informasjon og hjelp opp mot rettar og stønader i høve lovverket. Målet er at familien skal bli mest mogleg i stand til å overvinne og tilpasse seg ein endra livssituasjon, med dei utfordringar som funksjonshemmingar eller kronisk sjukdom hjå barn og unge medfører.


Fysioterapeut:

Fysioterapeuten i HABU har fokus på motorisk utvikling og vurdering av korleis barn og unge brukar kroppen sin i høve jamnaldringar.

Fysioterapeuten vurderer grovmotorikken og spesielt fotstillingar. Dette i samarbeid med barnelegen.  I tillegg tek vedkommande initiativ til vidare tilvising til ortopedi-ingeniør, og tek deretter ansvar for oppfølging i høve hjelpemiddel som vert foreskrive.


Sjukepleiar:

Sjukepleiar ved HABU arbeider med ernæring og eteutfordringar, koordinerer utgreiingsopphald og overføringsmøter, deltek i utgreiing av forskjellige diagnosar og har ansvar for kartlegging av søvn, smerter og kosthald. Sjukepleiar er kursleiar i læring- og meistringskurs i regi av HABU og har oppfølgingsansvar i høve gastrostomi. Sjukepleiar ved HABU arbeider og med behandlingshjelpemiddel ved eininga.


Tilvising skal sendast som vanleg elektronisk henvisning, “Den gode tilvising”. For å få den informasjonen vi treng ønsker vi at de brukar denne sjekklista. Dette er viktig for å sikre at vi får den informasjonen som er nødvendig for å vurdere tilvisingane.

Eit godt habiliteringsresultat for barn og unge er eit gjensidig ansvar for kommune og spesialisthelestenesta. Det kommunale hjelpeapparatet har det daglege ansvaret for habiliteringen. Spesialisthelsetenesta skal bidra til å byggje opp den kommunale kompetansen, og yte tenester som krev særskild kompetanse.

Opplysningar som skal med i tilvisinga

Tilvisinga må gje ei klar omtale av kva for utgreiingar og tiltak som er gjort, og spesifisere kva for hjelp som er ønskjeleg. Tilvisingsgrunn må vere så tydeleg og spesifikk som muleg.

Tilvisingar som er samordna og godt dokumenterte gjer at vi kan yte eit best muleg tilbod. Tilvisingane må settast fram gjennom barnet/ungdommen sin lege, og skal skje i samråd med foreldre. Samtykke frå begge foreldre er påkrevd.

Sjekkliste for tilvising

Behandling av tilvising

Eit inntaksteam behandlar alle tilvisingar. Vurderingane vert gjort utifrå Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten (helsedirektoratet.no). Dersom tilvisinga er man​gelfull vil inntaksteam spørje om ytterlegare informasjon. I medhald av Lov om pasientrettigheiter § 2-2 vil tilvisinga bli vurdert innan fristen.

Når tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer. Når ei tilvising blir avslått er det med eit grunngjeve avslag.

Inntaksteam gir den som tilviser skriftleg informasjon om inntak/ avslag, med kopi til foreldre/ føresette. 

Dersom du har spørsmål om ei timeavtale, ønskjer å endre eller avbestille time, må du ta direkte kontakt på telefon i kontortida måndag - fredag kl. 08.00-15.30.


Bruk telefonnummeret på innkallingsbrevet eller ring 57839600 Her kan du også spørje om ventetid.


Du kan også gå inn på Vestlandspasienten.no og endre/avbestille din timeavtale.


Det er mange pasientar som ventar på behandling hos oss. Vi oppfordrar difor at du gjev beskjed om endring eller avbestilling av time så tidleg som mogeleg.

Timeavtalen må avbestillast/endrast minst 24 timar (kun kvardagar) på førehand. Dersom timen din er på ein måndag, må du avbestille den seinast fredagen før.

Avbestiller du timen seinere enn 24 timar før, må du betale en eigenandel. Sjå informasjon om prisar.


Du kan finne epikriser (journaldokumenter) fra Helse Førde og brev du har fått tilsendt frå sjukehuset på vestlandspasienten.no

Du har rett til innsyn i heile pasientjournalen din, dersom du ønskjer det. Dersom du ønskjer kopi av din pasientjournal, må du fylle ut eit skjema. Skjemaet må underteiknast av pasienten eller den som har fullmakt, og sendast per post til følgende adresse:   

Helse Førde

Sak/arkiv
Svanehaugvegen7

6807 Førde

Lenke: Les mer om pasientjournal her


Kontakt

Telefon

Kurs og møter

  • Kurs til foreldre - Starthjelp
    4 dagers kurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom.
    Kurs til foreldre - Starthjelp
    Dato kjem

Finn fram til oss

Habiliteringstenesta for barn og unge er i Angabygget. Resepsjonen er open frå 0800-1500. Inngang på bakkeplan.
Sjå kart
kartbilete