Pakkeforløpskoordinatorar for kreft i Helse Førde
Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf
Eit viktig tiltak er forløpskoordinatorar ved føretaket som utgreier og behandlar kreft. Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.
Pakkeforløp for kreft i Helse Førde
Meir informasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)
Pakkeforløp for psykisk helse og rus i Helse Førde
I tillegg finns det tilråding for ivaretaking av somatisk helse og levevanar ved psykiske lidingar og rusmiddelproblem.
Pakkeforløp for psykisk helse og rus i Helse Førde
Meir informasjon om pakkeforløp for psykisk helse og rus (helsedirektoratet.no)
Pakkeforløpskoordinatorar psykisk helse og rus i Helse Førde
- Svetlana Håland
Telefon: 57 83 94 69
- June Terjedotter Sunde
Telefon: 57 83 95 48
Forløpskoordinatorane er tilsette i deltidsstillingar og er tilgjengelege på telefon mellom 08.30 og 15.00 måndag til torsdag.
Dersom ikkje svar, legg att beskjed eller send sms.