Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlingskalenderen

Samhandlingkalenderen omhandlar møter, kurs og konferansar innan samhandling som er relevant for legar i Helse Førde området av Vestland Fylke. Vi mottek gjerne info om slike aktivitetar slik at vi kan legge dei ut i kalenderen. Ein del ekstra viktige kurs/møter/konferanser blir også annonsert i eigne epostar frå oss.

 

Digital konferanse om FACT ung

Dato: 26. september
Konferansen er aktuell for alle som er interessert i FACT ung-satsinga
Forkortinga FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment». FACT ung-team er tverrfaglege team, sett saman av tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal gje oppsøkjande og integrert behandling til unge i målgruppa.

Innhald i konferansen:
- satsinga på FACT ung i Noreg
- kvifor tenestemodellen er nyttig for unge med komplekse og samansette utfordringar
- korleis FACT ung-teama kan bidra til auka skulenærvær, aktivitet, arbeid og tilknyting til lokalsamfunnet
- FACT ung-team sine erfaringar med å følgje opp unge med oppfølging frå barnevernet
Brukarinvolvering som ein av dei viktigaste grunnsteinane i FACT ung

Digital konferanse om FACT ung | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Nasjonal konferanse for FACT ung i september - NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

Diabetesforum Vestland - emnekurs i diabetes

Tid: 9 timar digitalt kurs live på Zoom med totalt 9 timar som går den 03.09, 17.09, og 24.09 frå kl. 18-21. Mulegheit for å sjå opptaka i etterkant.   

Fysisk del med oppmøte (Bergen) 15.11.24. kl. 10-15.30.  - 6 godkjente kurstimar. Begge kursa til saman gir eit emnekurs på 15 timar. 

https://www.diabetes.no/diabetesforum24

Diabetsforum Bergen Vestland 15 nov 24_flyer.pdf

Småbarnsdagane

Tema: Leik med meg!  

16.-17. oktober 2024
Småbarnsdagane går av stabelen kvar haust i Førde. Ein set her fokus på aktuelle tema, med mål om inspirasjon og fagleg oppdatering for alle som jobbar i barnefeltet.
Målgruppa er helsesøstre, jordmødre, kommunelegar, barnelegar, psykologar, personell ved fødeklinikk og barneavdeling, BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, pedagogar og andre som arbeider med barn og familiar.

Godkjenning: Kurset vert søkt godkjent av Dnlf, Oppdatert informasjon om godkjenning av kurs vert lagt ut på nettsida.

Småbarnsdagane (smabarnsdagane.no)

Fagdag geriatri 2024

Velkommen til ny fagdag i geriatri på Førde sentralsjukehus 31. okt. 2024 frå kl. 08.00 – 15.30.  Fagdagen blir gjennomført i auditoriet.

Fagdag geriatri 2024 - Helse Førde HF (helse-forde.no)

Sist oppdatert 12.09.2024